
Så er det takk for seg! Mari på flybussen mot Malpensa, medan eg er på veg mot Linate. Skal bli spennande å sjå om eg kjem meg opp slik at eg når Kjøpenhamn-flyet 06.40 i morgon tidleg… Og Mari skal nå eit fly like tidleg frå Tromsø til Hammerfest, så dette treng ikkje vera slutt enno!
Så er det takk for seg! Mari på…
Ikkje alt er like smakfullt! Her…

Ikkje alt er like smakfullt! Her ein gigantisk reklameplakat for croissant på veggen på domkyrkja…
Mari driv fuglefôring på…

Mari driv fuglefôring på domkyrkjeplassen…
Genial kyrkjebasar! Alle lodd…

Genial kyrkjebasar! Alle lodd vinn. Eg vann heilag ris og ein salatbolle, medan Mari fekk to små flasker vin.
Mot koret i San Angelo-kyrkja.
Frå blomemarknaden 2. påskedag i…

Frå blomemarknaden 2. påskedag i Via Moscova.
Milano sett frå domkyrkje-taket.

Milano sett frå domkyrkje-taket.
Italienarane har køkultur! Då vi…

Italienarane har køkultur! Då vi kom til akvariet i Genova i går (verdas nest største) såg det ganske vonlaust ut. 300 meter kø for å få kjøpt billett, deretter 100 meter for å få kontrollert billetten. Vi sat ei stund og vurderte kva anna vi skulle gjera – dette orka vi verkeleg ikkje! Så såg vi det: køen gjekk utruleg kjapt! Mari ville absolutt i akvariet og tok ansvar!
Akvariet var særs bra, med 3D-film, selar, delfinar, pingvinar og alt som høyrer til. Etterpå gjekk turen til Milano, der vi no skal prøve å få sett så mykje som tid og gnagsår tillét! Vi skal til kvar vår flyplass, så Stazione Centrale blir siste felles mål…
Riomaggiore sett frå båten….

Riomaggiore sett frå båten. Utruleg korleis dei har fått plassert alle husa i ei lita sprekk i berget!





